fredag 9. mars 2012

Bloggoppgåver på Nynorsk!

Oppgåve A
Augeblikk 2: Sola skinnar bak dei rosa skyene i horisonten. Var minner meg om sommaren som bankar på døra, den varme, gode sommaren. Det er ikkje lenge til, men det følas som evigheter. Skulen er enno ikkje slutt, og eg har tonnevis av prøver igjen. Byen er slikt ein fredfullt stad når kvelden byrjar å inntreffe. Solnedgangen er like om hjørnet og temperaturen ligg på eit komfortabelt nivå. Apropos menneske. Eg skimtar noko lengre nede i gata, ein gjeng gutar som lagar uvanleg mykje støy. Kva er det dei pønskar ut? Vil dei noko? Bør eg trekkje unna? Eg veit ikkje, eg vel å gå nærare. Sidan eg kjem nærare ser eg gutegjengen rundt ein mørk skikkelse. Han ser ut til og vere ein ordentleg person sidan han går i uniform. Gutane kretsar vilt rundt han og ropar og hoiar. Mannen i uniform ser rimeleg oppskaka ut, og prøver febrilsk og kome seg vekk. Gutegjengen blir særs aggressiv, moglegvis ein verknad av den sterke spritlukta dei alle har. Plutseleg snur dei seg og ser mot meg, mannen i uniform har tydelegvis møtt blikket mitt. Dei byrjar å skrike truslar, og eg vel å skygge banen. Mannen i uniform verkar særs atletisk, og har sikkert kamperfaring eller noko liknande, han klarar seg nok.
Oppgåve B
  • Mikal hiv frå seg sekken på golvet, og sleng seg på senga. Éin time til bandøving. Han ligg og tenkjer på framtida. Han ser for seg store folkemengder, jenteskrik, og ry. Mikal grublar medan han lagar seg mat på kjøkkenet; Er dette det han verkeleg vil? Mikal har byrja å høyre meir og meir på klassisk musikk i det siste. Fiolin er eit instrument som har interessert han spesielt mykje. Mikal er i grunn lei av rockelåtene og alt det tomme snakket om store konsertar. Mikal vil ikkje på bandøving. Han vil kjøpe fiolin, han vil spele for seg sjølv, han vil utvide horisonten sin.
  • Vinden susar innover frå det store havet. Håret blir drege tilbake, og eg kjenner det byrjar å bli ein anelse kjølig. Kor er dei andre? Dei skulle jo ha kome for å hente meg for over ein time sidan. Timane går, ja, det byrjar å gå mot ettermiddag og kveld. Vindstyrken aukar, fingrane byrjar å bli kvite. Eg skulle kanskje ha teke med den vindjakka mora mi nemnde. Tida går. Kor er dei? Har dei gløymt meg? Vindstyrken har auka endå eit hakk, snart kjem eg til å blåse over ende.


Oppgåve D
Det hende seg ein kald vinterdag for ikkje lengje sidan at døden inntraff for eit lite spedbarn.
Det var ein dystar stemning på fødeavdelingen. Mannen og kona kikka tomt ut i lufta medan dei vart fortalt at den vesle skatten deira hadde teke vegen opp til himmelen. Det fanst ikkje andletsuttrykk, berre triste tankar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar